Lakseskatten frå milliardar til smular

Oppdrettlaks, CC0, Pxhere.com
Oppdrettlaks, CC0, Pxhere.com*
Fleirtalet i Stortinget fjernar normprisrådet. Partia Høgre, Frp, Venstre, Krf og Senterpartiet har vedteke at regjeringa må fjerne Prisrådet for havbruk innan 2027. – Å fjerne normprisrådet er heilt uforsvarleg og vil hòle ut systemet, kommenterer Karen Helene Ulltveit-Moe, som blir omtala som ‘arkitekten bak lakseskatten’. Ho forstår ikkje at Stortinget kan gå inn for dette.

Grunngjevinga var at dei som tener pengar på å bruke den felles eigedomen vår, naturen, til å tene pengar på oppdrett, må betale meir tilbake til fellesskapet.

No seier Ulltveit-Moe til NRK: – Dei overlèt nærast til laksenæringa å bestemme sjølv kor mykje dei vil betale i skatt.

Senterpartiet, som sjølv var med å innføre ordninga, argumenterer med at ordninga blei byråkratisk og krev mykje arbeid for mindre produsentar.

I 2022 var skatten var berekna å dra inn 17 milliardar kroner i året frå året etter. Resultatet blei 868 millionar. Og året etter var resultatet berre 468 millionar.

Les meir på NRK