– Kjernekraft er dyrt og tar lang tid

Haldenreaktoren, nedlagt 2018. Foto IFE CC by sa 3.0
Haldenreaktoren, nedlagt 2018. Foto IFE CC by sa 3.0*
Kjernekraftutvalet har lagt fram rapporten sin. Konklusjonen er skuffande for dei som har sett på kjernekraft som ei løysing som kan fase ut fossil energi raskt nok til at Noreg kan nå klimamåla i 2040. Årsaka er krav til tryggleik og demokratiske prosessar, som gjer at det vil ta lang tid å komme i gang. Utbygging vil også krevje store offentlege subsidiar.

– Jeg tror det er veldig få som vil betale to til fire ganger så mye for kjernekraft som for annen strøm, sier Halvorsen til NRK.

Trygt, men sein klimaeffekt

Utvalet meiner kjernekraft er ein trygg teknologi, sjølv om avfallet blir omtalt som eit evigheitsproblem. Det første kjernekraftverket kan først stå klart i 2045. Dermed kan ein knapt rekne med nokon effekt på utfasing av fossil energi før utover 2050-talet.

Utvalet har vore leie av Kristin Halvorsen, som tidlegare har vore finansminister, SV-leiar og direktør i Cicero. Rapporten er samrøystes, og rår til at Noreg ikkje startar ein prosess for å bli kjernekraftland i nær framtid. Halvorsen seier lilkevel at ho er blitt langt meir positiv til kjernekraft enn ho var tidligare.

Utvalsmedlemmene sluttar samrøystes opp om konklusjonen om at kjernekraft vil koste mellom to og fire gonger meir enn krafta vil koste i framtida.

Les meir på NRK