Inkludering i skulen krev at leiinga fremjer inkluderande haldningar

Noreg var tidlegare eit føregangsland i inkludering i skulen, men idag går fleire elevar i spesialskular og -avdelingar enn då vi hadde statlege spesialskular. Anita Sande i Statped skriv i Bergens Tidende at mange barn og unge med utviklingshemmingar blir møtt med for låge forventningar og for lite pegagosisk innsats i skulen. Det har blitt ei vanleg oppfatning at spesialundervisning må skje utanfor klasserommet. Men dette fører til at slike elevar  mister tilknytinga til klassen. Spesialundervisning i klasserommet betyr ofte ein ekstra vaksen i klassen. Det er eit verdifullt tilskot både til den eleven det gjeld og til heile klassen.

Sande skriv at vi treng ein sterkare kultur for inkludering: – Inkludering gagnar både eleven med særskilde behov og medelevane

Ho meiner det er opp til skuleleiinga å arbeide fram inkluderande haldningar i heile skulen, slik at verkeleg inkludering av elevar med spesielle behov blir mogleg. Statped (Statleg spesialpedagogisk teneste) – utviklar tiltak for å fremje inkludering og auka læringsutbygge i barnehagar og skular gjennom eit prosjekt med tittelen "Vi sprengjer grenser".

Les meir i Bergens Tidende