Forside » Aktuelt » Høgskulen på Vestlandet: – Alle må bu seg på endring

Høgskulen på Vestlandet: – Alle må bu seg på endring

Høgskulen på Vestlandet, 5 undervisningsstader

Diskusjonen om den framtidige organiseringa av den nyfjusjonerte Høgskulen på Vestlandet held på å kome i gang.

Skal skulen organiserast i ein fakultetsmodell? I så fall, skal det vere tre eller fire fakultet? Skal skulen delast inn tradisjonelt etter profesjonane – altså med eit fakultet for ingeniørar, eit for sjukepleiarar og eit for lærarar? Eller skal inndelinga følgje tematiske skiljeliner, som klima og berekraft, teknologi og innovasjon, og helse og velferd? Høyrer økonomi og administrasjon saman med ingeniørfaga? Eller bør dette få eit eige fakultet?

I styremøtet blei det åtvara mot det såkalla siloproblemet, der store fakultet kan bli lukka rom som hindrar tverrfagleg samarbeid. Denne fåren blir særleg knytt til profesjonsorganisering, men kan også oppstå i ein fakultetsmodell.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har tidlegare ytre motstand mot samanslåinga mellom anna av uro over at disiplinfaga kunne bli svekka om den nye høgskulen skulle organiserast etter ein rein profesjonsmodell.

Rektor ved HVL Berit Rokne seier til khrono.no: – alle må bu seg på endring.

Les meir på khrono.no

 

Sist oppdatert:

Det er stengt for kommentarer.