Høgskolen i Sogn og Fjordane inviterer til integrering med UiB og HiB

Kunnskapsdepartementet meldte nyleg at det ikkje vil gå inn for at Høgskolen i Sogn og Fjordane kan halde fram som heilt sjølvstendig institusjon. Då bestemte Høgskoleleiinga seg for å sende ein invitasjon til Høgskolen og Universitetet i Bergen om å sjå nærare på ein modell dei tre har hatt framme tidligare i prosessen – eit breitt institusjonssamarbeid på Vestlandet med UiB i spissen.

Dei to Bergens-institusjonane har reagert positivt på framlegget, sjølv om dei har fått klårsignal frå departementet om at dei er store nok til å halde fram på eiga hand.

Les meir på HiSF.no (fjerna frå nettstaden)