Fusjon for Vestlandshøgskole?
Høgskulen i Sogn og Fjordane stiller krav

[caption id="attachment_4639" align="alignleft" width="231"] Wiggo Hustad[/caption]

Mykje tyder på at tre høgskular på Vestlandet går i forhandlingar om fusjon om kort tid. Størst uro har det vore ved Høgskulen Sogn og Fjordane (HiSF). HiSF har no lagt fram ein intern rapport med klare krav til prosess vidare:

”Det er ikkje beinkløyvd å sjå ein klår samanheng mellom oppfylling av kvalitetskriterium slik dei vert omtala, og ein slik konklusjon. Det er difor på andre område enn knytt til kvalitetskriteria at ein må leite om ein skal forstå ein slik konklusjon,” skriv Wiggo Hustad i utgreiinga som er sitert på Les meir på hsf.no (artikkelen finst ikkje lenger). Hustad har leia arbeidet med utgreiinga.

Dei ni kvalitetskriteria frå Kunnskapsdepartementet er krav som institusjonane må oppfylle. Alle tre vestlandsinstitusjonane treng eit stort løft på felt som vitskapleg publisering og kompetanse blant tilsette, men ein fusjon vil ikkje automatisk gje eit slikt løft, skriv Hustad: Det føreset at områda blir prioriterte og at eigaren (KD) vil satse på den fusjonerte eininga.

”Kort sagt bør ein ha sett seg mål om kva ein vil bli god på, knytt til forsking, undervisning og administrasjon, før ein låser val av strukturelle og prosedyremessige trekk ved den nye organisasjonen.”

Les meir på hsf.no (artikkelen finst ikkje lenger)