Fritt eller regulert internett?

I si innleiing til seminaret stilla professor ved Institutt for elektrofag Knut Øvsthus spørsmål om kven som fordeler ressursane over internett. Etter dette braka Post og Teletilsynet, TV2, Telenor og Professor i Medievitskap Terje Rasmussen saman til debatt.

Mediekvardagen har blitt farga av nye utfordringar relatert til teknologiutvikling og internett. Nye spørsmål har blitt aktualisert og nye problemstillingar krev nye løysingar. Seminaret Nettmakt vart arrangert i regi av Forpro og Institutt for elektrofag ved Høgskulen i Bergen, og sette søkjelyset på eit elles lite debattert tema på Vestlandet. 

Nettnøytralitet

Internett er ein arena der sosial interaksjon og deltaking skjer i større og større grad. Medan debatten til no har dreia seg i stor grad om business, peikar Professor Terje Rasmussen på at  internett først og fremst er eit sosialt gode.

– Vi er sosiale, kulturelle og politiske på internett. Derfor er det synd at internett blir styrt etter kommersielle interesser. Forretningsutviklarar ser ikkje dei langsiktige konsekvensane av si verksemd. Derfor er nettnøytralitet viktig.

Men kva slags, og kven sin, nettnøytralitet skal det vere? Dette spørsmålet skapte stor debatt, og innspela kom tett, både frå innleiarane og frå publikum.

Prioritert nett-tid

Den sokalla NIX-saka frå sommaren 2007 sette nettnøytralitet på dagsorden i Noreg. Ved at Telenor trakk seg frå NIX (Norway Internet Exchange), eit knutepunkt for alt internett-trafikk i Noreg, trakk dei seg og frå avtala som forpliktar norske nettoperatørar til å ikkje prioritere nokre nettstadar framfør andre.

Telenor, på si side, avvisar at denne saka har gjort internett mindre nøytralt og at dei har skapt hinder for små aktørar eller konkurrentar.

TV2, som er ein stor kunde i Telenor, meinar på den andre sida at Telenor i realiteten bestemmer kven som får god kvalitet på Web-TV innan Telenor sitt nett. – Telenor kan prioritere betalt innhald. Som forbrukar merkar ein dette ved at WebTV kjem med dårlegare kvalitet til forbrukaren enn kva TV2 og andre faktisk tilbyr sine brukarar, seier Helge Høibraaten i TV2 Sumo.

Men verst er det for mindre innhaldsleverandørar, med færre kundar og mindre budsjett. For TV2, som er ein stor innhaldsleverandør i norsk målestokk og har innteningsmoglegheiter på å kjøpe seg prioritet på nettet, er det ikkje eit poeng å bryte med denne type samarbeid med Telenor.

–TV2 spelar på lag med Telenor fordi vi treng dei no, men vi er ikkje einig i framgangsmåten seier Høibraaten.

Nett-regulering

Frode Sørensen i Post og Teletilsynet, og forfattar av rapporten Nettnøytralitet, peikar på at nettnøytralitet handlar ikkje berre om NIX. – Internett må forbli ei open og ikkje-diskriminerande plattform for kommunikasjon og innhaldsdistribusjon.

Men er dette mogleg med ein marknad dominert av få nettoperatørar og innhaldsleverandørar?

–På andre områder i samfunnet er det logisk å skilje mellom veg og bilar, dette burde vi også kunne forvente på internett. Slik det er no fungerar det langt frå slik, til det er det for få aktørar i marknaden seier Terje Rasmussen.

Høibraaten peikar på at det trengs regulering i marknaden i framtida. – Enten blir det krig i marknaden, eller så må marknaden regulerast.

Til spørsmålet om regulering, er Post og Teletilsynet framleis avventande. Førebels ser det ut til at Post og Teletilsynet sin strategi er dialog mellom innhaldsleverandørane og nettoperatørane for å sikre fridom på internett i framtida.