Framlegg om ny registerordning for statstilsette sine økonomiske interesser og verv

[caption id="attachment_7082" align="alignright" width="216"] Nikolai Astrup. nyebilder.no[/caption]

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sendt ut eit nytt framlegg om registreringsordning for statstilsette sine verv og økonomiske interesser. Eit slikt framlegg blei også sendt ut i 2017. Frist for høyringssvar er 29. oktober.

Både Datatilsynet og Lovavdelinga i Justisdepartementet meiner ei slik registerordning må ha ein lovheimel. Departementet skisserer no ei løysing der verksemdene sjølv avgjer om dei treng ei slikt register, og kva slag opplysningar som må registrerast. Framlegget gjer det obligatorisk for tilsette å registrere dei opplysningane verksemda ber om, dersom eit slikt register først er oppretta.

Les meir på Khrono