Forlik om 800 millionar dollar for katolske overgrep
Publisert
St Patrick Cathedral interior, New York. Public domain*Det katolske erkebispedømmet i New York har gått med på eit forlik om å betale 800 millionar dollar til meir enn 1.300 medlemer av kyrkja som hevdar dei er blitt seksuelt misbrukte av geistlege i kyrkja. Forliket vil truleg ikkje føre til at erkebespedømet går konkurs, men avsluttar ein juridisk kamp som har gått over fleire år. Avtalen er ikkje ferdig forhandla, men berre få detaljar står att.
Den katolske kyrkja i New Orleans har gått konkurs etter ei tilsvarande sak. Fleire likande rettssaker går føre seg i andre statar i USA.