Fordelingsblindskap

Skatt, foto stevepg, Pixabay lisens
Skatt, foto stevepg, Pixabay lisens*

Av Rune Skarstein

Tidlegare trykt i Klassekampen 12. august 2026

Skattekommisjonen kunne foreslått grunnleggande endringar i skattesystemet. Det gjorde dei ikkje.

Det er ingen dristig spådom å hevde at økonomisk fordeling vil bli eit dominerande politisk stridstema åra som kjem. Både i Norge og internasjonalt blir inntekter og formuar, dermed også politisk makt, konsentrert på stadig færre personar og dynasti. Men dette ser ikkje ut til å gjere inntrykk på Skattekommisjonen (NOU 2026:9) og var heller ikkje tematisert i deira mandat. Derimot har kommisjonen funne ut at redusert skatt på personars formuar vil bidra til eit meir «konkurransedyktig skattenivå for norsk næringsliv». Dei vil også «gi lettelser til personene med de høyeste formuene». Den sentrale, men udokumenterte grunngivinga for dette forslaget er at «mange» aksjeeigarar manglar «likviditet» til å betale formuesskatten og må derfor tappe pengar frå bedrifta/selskapet.

Men bladet Kapital har berekna at i 2024 var avkastinga av dei 400 rikaste personane sin netto aksjeformue 299 milliardar kroner. Den årlege samla formuesskatten til stat og kommunar var cirka 35 milliardar kroner, som svarer til mindre enn tolv prosent (!) av den årlege avkastinga av dei 400 rikaste sin formue. Sanneleg ingen mangel på likviditet. Dessutan fann det offentlege Skatteutvalet (Torvik-utvalet) at berre 13 prosent av alle skattytarar betalte formuesskatt i 2022 (NOU 2022:20). Formuesskatten er eit potent verktøy til omfordeling i favør av dei som tener og eig minst. Eigarar som ikkje betalar skatt på aksjeutbytte («fritaksmetoden»), må med dagens reglar i det minste betale formuesskatt.

Kommisjonen foreslår auka meirverdiavgift (moms) for blant anna å redusere skatten på formue. Etter trygde- og pensjonspremiar, er moms den viktigaste skatten til staten. I 2025 utgjorde moms over 400 milliardar kroner. Det svarte til meir enn 50 prosent av statens samla skatt på inntekter, formue og inntekt ved utvinning av petroleum.

Momsen er regressiv

Kommisjonen hevdar at auka moms vil verke progressivt, det vil seie til fordel for den delen av befolkninga som har dei lågaste inntektene. Blant anna med følgjande resonnement prøver dei å grunngi dette: «Selv om husholdninger med lav inntekt kan bruke en større andel av inntekten på en vare med redusert [moms-]sats, har husholdninger med høy inntekt ofte et høyere forbruk målt i kroner. En betydelig del av provenytapet ved reduserte satser kan derfor tilfalle husholdninger med høy inntekt.» For å overtyde både seg sjølve og lesarane av rapporten, bruker dei modellen Lotte-Konsum utvikla av Statistisk sentralbyrå (SSB). Men den modellen er dårleg eigna til dette formålet. Derimot viser ikkje kommisjonen til ein rapport frå SSB (Rapport 2021/33) som estimerer at momsen utgjer i gjennomsnitt over 20 prosent av bruttoinntekta til dei 50 prosent av befolkninga med lågast inntekt, men mindre enn fem prosent av bruttoinntekta til den rikaste prosenten. Momsen er regressiv og representerer eit betydeleg bidrag til økonomiske forskjellar skapt gjennom skattesystemet.

Den nemnde rapporten frå SSB viser dessutan at for den rikaste prosenten av befolkninga har den gjennomsnittlege skatte- og avgiftsprosenten falt markant frå 53 prosent i 2001 til 29 prosent i 2018. Denne øvste prosenten har 15 prosent av samla bruttoinntekt, men betalar berre ti prosent av samla skattar og avgifter.

Skattekommisjonen foreslår, etter mitt skjønn heilt rett, at verdisettingsrabattane på ulike formuesobjekt bør bli avskaffa. I staden foreslår dei eit generelt botnfrådrag på to millionar kroner. Men dei er ikkje konsekvente. For primærbustad foreslår dei eit botnfrådrag på sju millionar kroner. Samtidig fjernar dei progressiviteten i formuesskatten. Hadde kommisjonen tatt omfordeling på alvor, kunne dei ha foreslått eit generelt botnfrådrag på ti millionar kroner for all formue og betydelege progresjonstrinn opp til to prosent for milliardformuane, som blant andre Gabriel Zucman har argumentert for.

Kommisjonen hadde mandat til å «foreslå mer grunnleggende endringer i skattesystemet». Det gjorde dei ikkje. Ei grunnleggande endring kunne ha vore å foreslå eit alternativ til den rådande norske regelen at skatteplikt på aksjeformue er «residensbasert», slik at berre eigarar med fast bustad i Norge må betale formuesskatt på aksjar. Ein alternativ regel kunne vere å gjere all formuesskatt «verksemdsbasert», slik at han omfattar all formue på norsk territorium uansett kvar eigaren har bustad.

Av Rune Skarstein
Tidlegare førsteamanuensis ved NTNU

Publisert etter godkjenning frå forfattaren

Trykt i Klassekampen 12. august 2026