– For mange underviser i kunstfag utan handverkskunnskap

– Når politikarar og skuleeigarar er så fokuserte på satsingsområde som lesing, rekning og IKT, forsømmer dei lett andre kompetansemål, som dei kunstfaglege. Slik treng det ikkje vere, og slik bør det ikkje vere, skriv leiar Silje Valde Onsrud i eit innlegg i Bergens Tidende 23. januar, i diskusjonen om kunstfaglærarar i skulen treng formell kompetanse i kunstfag. Onsrud er leiar for Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon ved Høgskulen i Bergen.

– Situasjonen til kunstfaga i skulen kan godt svartmålast, men vi vil vere løysingsorientert og møte utfordringane offensivt, skriv Onsrud, og viser til at Høgskulen i Bergen har hatt ei strategisk satsing på kunstfaga gjennom mange år.

Onsrud skriv at denne satsinga har resultert i eit sterkt fagmiljø på høgskulen. Erfaringane frå korleis studentane blir vurdert i skulane er også langt betre enn det er meldt om frå Høgskulen i Volda, der uteksaminerte studentar har hatt problem med å få jobb.

– Når politikarar og skuleeigarar er så fokuserte på satsingsområde som lesing, rekning og IKT, forsømmer dei lett andre kompetansemål, som dei kunstfaglege. Slik treng det ikkje vere, og slik bør det ikkje vere, skriv Onsrud.

Les heile artikkelen i Bergens Tidende