Særkrav hindrar at fleire kan bli sjukepleiarar

Av Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning, Høgskulen på Vestlandet og medlem av Helsepersonellkommisjonen
og Randi Skår, Dekan ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Høgskulen på Vestlandet

Sykepleier Foto Karolina Grabowska, Pexels licence
Sykepleier Foto Karolina Grabowska, Pexels licence*
Sykepleier Foto Karolina Grabowska, Pexels licence

Det hastar å utdanne fleire sjukepleiarar. Å fjerne særkrav for opptak til sjukepleieutdanninga vil effektivt bidra til dette. Men forskings- og høgare utdanningsministeren har nyleg sagt nei til å prøve ut dette. Ansvarleg statsråd Sandra Borch bør ta seg ein prat med helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. Dette hastar.

Vi manglar sjukepleiarar.

Kommunar i heile landet rapporterer om store rekrutteringsproblem. Utfordringa er særleg stor i distrikta, men gjer seg og gjeldande i dei store byane.

NRK har i fleire artiklar har fortalt om kritiske tilhøve i Nord-Noreg. Liknande situasjonar breier om seg til resten av landet.

Det hastar å ta grep.

For situasjonen blir ikkje betre dei komande åra. Mangelen på helsepersonell vil auke i takt med fleire eldre som treng helse- og omsorgstenester.

Fleire som ynskjer å bli sjukepleiar må få moglegheita

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har over tid arbeidd for å fjerne dei særskilte karakterkrava i norsk og matematikk som i tillegg til generell studiekompetanse vert kravd for å komme inn på sjukepleiestudiet. Dei særskilte karakterkrava som vart innført i 2019 hadde gode intensjonar, men er i dag ei effektiv sperre for å få utdanne nok sjukepleiarar.

Det er skapt eit bilete av at karakternivået ved opptaket til sjukepleieutdanninga bestemmer kvaliteten på kandidatane som vert uteksaminert frå den tre-årige utdanninga. Men lat dette vere klart: Alle studentar som gjennomfører den treårige sjukepleieutdanninga må bestå dei same krava til eksamenar og gjennomføring av praksisperiodar.

Einsidig fokus på kva kompetanse ein har før ein startar på utdanninga er uheldig. Fokuset bør leggjast på kva kompetanse dei nyutdanna sjukepleiarane har. Dei konstruerte særkrava er unødige hindringar som burde bekymre heile samfunnet. Som ansvarleg utdanningsinsititusjon rettar vi merksemda mot høg kvalitet i utdanning og uteksaminerte kandidatar. Så langt vi kjenner til finst det ingen dokumentasjon på at sjukepleiarar utdanna før 2019 ikkje er høgt kvalifisert helsepersonell.

Svært få andre utdanningar har slike særkrav til karakterar. I dei aller fleste tilfella kjem ein inn på høgare utdanning med generell studiekompetanse frå vidaregåande skule.

Vi meiner dette og bør gjelde for dei som ynskjer å bli sjukepleiar.

Nyleg fekk vi svar frå Kunnskapsdepartementet om at HVL, Nord universitet, UiT Norges arktiske universitet og Universitetet i Sørøst-Norge ikkje får dispensasjon frå karakterkravet i norsk og matematikk frå studieåret 2024/25. Alle fire institusjonane går med dette glipp av mange motiverte søkjarar til utdanninga. Noreg sin tilgang til sjukepleiarar vert redusert.

HVL er svært bekymra over at piloten vi søkte om ikkje fekk starte opp. Det same burde kommunar, helseføretak og alle dei som har behov for helsetenester i framtida vere. Eit nært døme kan tene forståinga: Om kravet for å komme inn på sjukepleiestudiet på HVL campus Førde i januar 2024 hadde vore generell studiekompetanse, kunne vi truleg fylt opp studieplassane. 97 fleire søkjarar hadde vore kvalifisert om generell studiekompetanse hadde vore kravet. I staden har vi pr. 27. desember fylt i underkant av halvparten av dei utlyste 56 studieplassane.

Urimeleg at gamle karakterar står i vegen

I haust fortalte NRK om Beate (43) som drøymer om å bli sjukepleiar. Ho gjekk eit år på sjukepleiarutdanninga i 2000-2001, men måtte slutta då ho vart åleinemor og såg at det blei krevjande med ein turnusjobb.

Då ho nyleg søkte på sjukepleiarutdanninga på ny, kom ho ikkje inn på grunn av karakterkrav på 3 i norsk og matematikk som blei innført i 2019. Ho hadde ein toar i matte i 1999. I løpet av desse 20 åra har ho tatt ein bachelorgrad, leiarutdanning og ho har jobba i helsetenesta i helger.

Det er mange som Beate.  I ein NRK artikkel 22.desember kan vi lese om Rikke (30) som har jobba som helsefagarbeidar ved intensiven ved Kirkenes sjukehus i 12 år. Ho kjem ikkje inn på sjukepleieutdanninga på grunn av ein matematikkarakter frå vidaregåande skule.

Vi meiner det er urimeleg at Beate, Rikke og andre i liknande situasjonar, ikkje skal kome inn på sjukepleiarutdanninga på grunn av ein karakter frå vidaregåande skule langt tilbake i tid.

Same høge kvalitet på sjukepleiarar 

Så er det nokon som spør seg; blir ikkje kvaliteten på sjukepleiarar dårlegare når det ikkje lenger er særkrav knytt til karakter i norsk og matte?  Vi kan tryggje statsrådar, politikarar og befolkninga elles om at vi ikkje skal fire på krava til kva våre sjukepleiekandidatar skal kunne når dei er ferdig på studiet. Kunnskapen og kompetansen etter fullført utdanning skal være like god som i dag. Nasjonale retningslinjer regulerer innhaldet og krava til sjukepleieutdanningane i heile landet. Utdanninga er lagt opp med tett oppfølging og rettleiing undervegs i heile studieløpet. Det er ferdigheitstrening, praksisstudiar og mange testar og eksamenar som skal beståast for å komme vidare i utdanninga.

Utdanninga krev mykje av studentane. Vår erfaring er at studentane sin motivasjon til å lære er vel så viktig som karakterane dei kjem inn med. Mange som søkjer seg til høgare utdanning, har ein sterk motivasjon for yrkesvalet dei tar.

Vi tar samfunnsansvaret på alvor

Universitet og høgskular har eit viktig samfunnsansvar i å utdanne folk til yrke det er behov for i samfunnet. Det er eit ansvar HVL tar på stort alvor.

Vår organisering med fem campus gjer at vi er til stades på heile Vestlandet, frå Førde i nord til Haugesund i sør.

8 av 10 av dei vi utdannar blir verande i regionen, noko som gjer at HVL er avgjerande for tilgangen på arbeidskraft lokalt og regionalt.

Vi har ei av landets største sjukepleiarutdanningar. Kvart år er målet vårt å utdanne over 500 sjukepleiarar. Dette talet går stadig nedover i åra som kjem på grunn av sviktande rekruttering.

Dei vi utdannar er alle klare til å gå ut i arbeidslivet. Desse jobbar ved sjukeheimar, i heimesjukepleia og i skulehelsetenesta. Dei jobbar innanfor rusomsorga, på sjukehus og i psykisk helsevern.

Men med dei utfordringane vi ser med å rekruttere og behalde sjukepleiarar, er det tid for handling. Statsråd for forsking og høgare utdanning Sandra Borch bør ta seg ein prat med helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. Regjering og storting bør mobiliserast. Alle steinar må snuast.

Å fjerne særkrava for å komme inn på sjukepleiarutdanninga vil ikkje løyse alle utfordringar. Men det vil vere eit solid og viktig bidrag.

Kronikken er tidlegare publisert på Khrono.no