Utval om oljefondet: meir butikk, redusert etikkråd

Norges Bank bygning, lisens fri bruk
Norges Bank bygning, lisens fri bruk*
Etikkrådet i oljefondet bør få mindre makt, og oljefondet bør investere i selskap som produserer delar til atomvåpen i land vi er allierte med. Dette er hovudkonklusjonen i rapporten frå det regjeringsoppnemnde utvalet som har greidd ut om det etiske rammeverket rundt oljefondet.

Tidlegare sjef for oljefondet Svein Gjedrem har leia utvalet. Han argumenterer for at ein må vege den etiske forpliktinga til høg inntening til beste for det norske folket opp mot den etiske forpliktinga til å ikkje bidra til ‘alvorlege normbrot’.

Framlegget frå utvalet er at etikkrådet skal levere vurderingan av risikoen for normbrot for dei einskilde selskapa. Vurderingane skal ikkje vere opne, og at rådet skal ikkje skal gjere framlegg om uttrekk. Det skal Norges Bank ta seg av.

– Vingeklipping av etikkrådet er en invitasjon til innenlandske og utenlandske politiske interesser til å øke presset mot norske myndigheter, skriv den norske kommentatoren i Financial Times Martin Sandbu.

Les Gjedrem sin kronikk i VG

Les saka på NRK