Disiplinfaga ved HiSF protesterer mot fusjonsplattforma

Alle professorane og instituttleiarane ved samfunnsvitskap, naturfag, økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har skreve under på ei fråsegn der styret blir bede om å ta omsyn til disiplinfaga og dei tverrfaglege utdanningane i forhandlingane om den framtidige organisasjonsforma ved høgskulen. Professor Oddbjørn Bukve er ein av initiativtakarane bak fråsegna. Han er redd for at disiplinfaga vil komme dårlig ut om ein ender opp med ei tredeling i ingeniør-, sjukepleiar- og lærarutdanning. I fråsegna heiter det mellom anna:

Ei avdeling for samfunnsfag, økonomi og miljø vil derfor vere innretta mot nokre av dei mest sentrale utfordringane samfunnet vårt står overfor i dag. Det vil vere ei framtidsretta organisering av den nye Vestlandshøgskulen, og ein slik sjanse må vi ikkje skusle bort.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har vore eit mini-universitet, i motsetnad til dei to andre høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund, som er reine profesjonshøgskular. Bukve peikar spesielt på korleis dette har resultert i sterke faglege miljø innan fonybar energi og klima i Sogndal.

Les meir i På Høyden