Akademisk tilsette uroa over nybygg utan personlege kontor

Nybygget Høgskulen på Vestlandet planlegg på Kronstad ser ikkje ut til å få eit einaste cellekontor, altså personleg kontor. Hovudtillitsvald i Forskarforbundet Kristin Hinna (biletet) er uroleg over planane: – Den forskinga som finst i forhold til ope landskap er eintydig på at det fører til mistrivnad, meir stress, større sjukefråvær, mindre produktivitet, og det blir gjort fleire feil, seier Hinna til På Høyden.

Det nye bygget, Kronstad 2, skal ha plass til 2000 studentar og bortimot 450 tilsette. Dei som i dag held til i leigde lokale i Møllendalsveien vil då få plass på Kronstad. 70 av kontorplassane i Kronstad 2 var opprinneleg skissert som cellekontor, men i dei siste romplanane er alt gjort om til kontorlandskap. 75 menneske skal ha kontorplass i kvar etasje.

– Me veit berre at det er 75 menneske som skal vera i landskapet, og at ingen skal ha faste plassar, seier Hinna. – Du skal bevega deg rundt i landskapet ut i frå kva aktivitet du gjer. Det betyr at når eg går frå ein plass, når eg har undervising eller rettleiing, så veit eg ikkje om eg kan koma tilbake igjen.

Hinna peiker på at berre 2-3 prosent av budsjettet for universitet og høgskular går til husleige, medan 80 prosent går til løn. Då skal det ikkje mykje auke til i sjukefråveret før det ein vinn i lågare husleige går tapt, meiner ho. Rektor Berit Rokne seier at det einaste som er klart om Kronstad 2 er føringa frå departementet om at huset skal vere moderne og arealeffektivt.

Les meir På Høyden